Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Varsel om planarbeid og høyring av planprogram:

Revidert Landbruksplan for Kvinnherad kommune

Landbruksplanrevsijon_framside_200x247

Kvinnherad formannskap vedtok i møte 09.02.2017 å starta arbeid med revidering av Landbruksplan for Kvinnherad. Planen skal utarbeidast som ein kommunedelplan, og planprogrammet er no på høyring med frist 02.04.2017 for merknader.

Det er utarbeidd forslag til planprogram som gjer greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, kva alternativ som vil verta vurdert og trong for utgreiingar.

Framlegget til planprogram finn du på lenka under.

Kvinnherad kommune ønskjer innspel til planarbeidet og merknader til planprogrammet. Dette vert å senda som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal eller som e-post til post@kvinnherad.kommune.no innan 02.04.2017


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no