Rettferdsvederlagsordning i Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune vil gjennom ei eiga vederlagsordning gje uttrykk for sympati og forståing overfor dei som har vore utsette for overgrep og/eller mangelfull omsorg medan dei var plassert på institusjonar i regi av kommunen.
Kvinnherad kommunestyre vedtok den 18 juni 2009 vedtekter om rettferdsvederlag.
Vederlagsordninga gjeld for personar som det kan vere grunn til å tru har vore utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjonar medan dei var under plassering av Kvinnherad kommune, i perioden 1945 til 1993. Kommunestyret ynskjer med ordninga å bidra med økonomiske midlar til å gi uttrykk for sympati og forståing overfor dei som har vore utsette for overgrep og/eller mangelfull omsorg frå det offentlege i ein sårbar livssituasjon. Rettferdsvederlag vert ikkje gitt med utgangspunkt i eit aktuelt juridisk ansvar for kommunen.
Utbetaling av vederlag skjer etter søknad. Søknadane vert handsama etter kvart dei kjem inn. Vedtektene inneheld reglar for saksbehandling av søknadane. Øvre grense for vederlag er sett til kr 250.000.
Krav om vederlag må setjast fram innan utgangen av 2012.
Vedtektene og nærare informasjon får du frå sektretariatet som er
Tiltak og tenester for barn og unge, 5460 HUSNES telefon 53461690
eller Kvinnherad kommune, 5470 ROSENDAL telefon 53483100





