Resultat frå Elevundersøkinga 2010
Resultata for Kvinnherad kommune i 2010 viser framgang for 10.trinn, og nedgang for 7.trinn.
Samanlikna med 2009 har 7.trinnet dårlegare resultat på dei fleste områda. Størst skulnad finn vi på elevdemokrati og fagleg rettleiing.
10.trinnet har hatt betre resultat enn i 2009 på dei fleste områda. Størst framgang er der på trivsel med lærarane.
Tidlegare år har 7.trinn alltid hatt betre resultat enn 10.trinn. I år ser vi at skilnadene er mykje mindre.
I samanlikning med landssnittet kjem 7.trinnet dårlegare ut på dei fleste område.
10.trinnet kjem betre ut med 6 område likt eller betre enn landssnittet. Største negative utslaget finn vi på fysisk læringsmiljø.
I 2010 er det positivt at resultat for mobbing på 10.trinnet no er betre enn for landssnittet.
Desse områda får elevane spørsmål om: trivsel, meistring, fagleg utfordring, elevdemokrati, fysisk læringsmiljø, mobbing, motivasjon, fagleg rettleiing, elevmedverknad og karrièrerettleiing. (Dei to siste områda er berre for 10.trinn)
Resultata ligg på www.utdanningsdirektoratet.no/skoleporten





