Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Resultat av hjorte- og rådyrjakta i Kvinnherad 2011.Ny norsk fellingsrekord i år og?

årsbukk_300x200
Det vart i år som i fjor ny fellingsrekord i Kvinnherad. Den nye rekorden blir på 1250 dyr, ein auke på 5 dyr frå 2010. Når Kvinnherad var høgast i landet i fjor trur vi derfor at dette er ny norsk rekord, ingen over, ingen ved siden.
Nytt i år er at det er felt 16 rådyr, noko som først vart tillete i 2011.
Dette utgjør ein formidabel ressurs som det blir lettere å omsette etter at det er gjennomført feltkontrollkurs.
Fellingsresultat Jakta 2011
Fyrste året med Rådyrjakt i Kvinnherad gav eit resultat på 16 felte dyr.
Det vart skote 11 vaksne bukkar, tre vaksne geiter og to kalvar , ein av kvart kjønn.
Hjortejakta gav nok ein gong ny fellingsrekord i Kvinnherad. Det vart skote fem dyr meir enn den tidlegare rekorden. Resultatet for siste året viser 1250 dyr og dermed vert fellingsprosenten 78,2.
Fordelinga av ulike aldersgrupper ser fin ut. Det er felt 25% kalvar og 16% åringsbukkar og 12,3 % åringskoller. Kjønnsfordelinga viser ein liten overvekt av hanndyr med fordelinga 50,7 : 49,3. Det har også blitt ein svært fin utvikling av fordelinga ungdyr : eldre dyr. Den kommunale målsettinga har eit mål om felling av 55 % kalv og ungdyr, og dette året enda denne delen 53,3 %

Gjennomsnitt slaktevekter viser at ungdyra og vaksne koller er litt lettare enn året før. Kalvane held same vekta, og eldre bukk har auka snittvekta med ein kg.
For utfyllande opplysningar kan ein ta kontakt med viltforvalter Leiv Trygve Varanes

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no