Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Renovasjon og slamtøming

Det er avdeling for kommunalteknikk som er ansvarlig for renovasjon og slamtøming i Kvinnherad. Kommunen har inngått avtale med Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) som utfører arbeidet.
SIM er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar,  Stord, Sveio, Tysnes og Kvinnherad.

Avfallssortering

Husstandane skal sortera avfall i:

  • Papiravfall
  • Bioavfall
  • Restavfall

SIM driv ein miljøsentral på Husnes som ligg på Husnes industriområde. Her tek ein imot dei fleste typar avfall.

Slamtøming

Slam frå slamavskiljar og tette tankar vert henta inn med faste intervall. Det er annakvart år for hus med fast busetnad, og kvart fjerde år for fritidsbustader.
Tøming utanom ordinær tøming må tingast særskilt hos SIM.

Spørsmål om abonnement, gebyr og tøming skal rettast til SIM. SIM held til i Svartasmoget i Fitjar kommune, tlf 53 45 78 50.
Meir om SIM kan du lesa på www.sim.as


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no