Religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak | ||
| Oppdatert: 28.12.2011 09:31 | ||
| Generelt | ||
| Tema - Skule, utdanning og SFO - Skulane | ||
| Beskrivelse Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa. Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematiske. | ||
| Målgruppe Elevar og foreldre til elevar | ||
| Pris for tjenesten | ||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||
| Serviceerklæring | ||
| Praktiske opplysninger | ||
|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette. | ||
| Klagemulighet Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. | ||
| Kontaktinformasjon | ||
Ansvarlig enhet
| ||
| Andre opplysninger | ||
| Dato oppdatert 2011-12-28 09:31 | ||
| Gyldig fra 2009-04-02 | ||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost