Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunal bustad for rehabilitering og rekonvalesens i Spania

1024px00007_300x200
Kommunen har no ein bustad i Spania som kan leigast til opptrening/behandling/rekonvalesens.
Bustaden er tilknytt Pleie, omsorg, helse og rehabiliteringstenestene.
Om bustaden:
Bustaden ligg på solkysten like nord for Alicante, - Jardin Foya Blanca, like ved Reuma Sol og ca. 15 min. kjøring frå Solgården.
Bustaden ligg i eit bustadsenter med 65 andre bustader. Bustaden og heile området rundt er tilrettelagt for rullestol.
Storleik: ca. 70m2 med 3 soverom, og 3 toalett m/dusj, samt kjøkken, stove og uteplass.

Tilbod:
Senteret har basseng ute og innandørs, resepsjon, restaurant, fysioterapi m/treningsrom. Tilbod på Reuma Sol kan og nyttast og ligg berre 3 min. gange frå bustaden.
I tillegg til helsepersonell som vil fylgje brukarar, samarbeider kommunen med norsk heimesjukepleie i området når det er trong for dette.
Fysioterapi er gratis dersom ein har godkjent rekvisisjon frå NAV.
Det er 10 min. kjøring med bil til strand. 5 min. kjøring/20 min. gange til butikk.

Målgruppe:
Gr. I Brukarar som har nytte av opptrening/behandling/rekonvalesens og som er søkjarar
til dei kommunale pleie- og omsorgs- helse- og rehabiliteringstenestene.
Gr. II Innbyggjarar som treng rehabilitering og opptrening. Langtidssjukemelde tilsette i
kommunen.
Gr. III Kommunalt tilsette, og tidlegare tilsette (pensjonistar) dersom bustad elles ikkje
er i bruk.

Lengda på opphald:
For gr. I og II, kan eit opphald vare frå 3-4 og opp til 6-8 veker. Lengda vert vurdert ut frå nytte og framgang i høve til trening/rekonvalesens.
For ferieopphald er opphaldet avgrensa til maks. 2 veker.

Økonomiske vilkår:
* Gr.I må dekke reise t/r og kost under opphaldet.
* Gr.I betalar 50% av kostnad for korttidsopphald, p.t. kr. 133,- pr. døgn. For opphald ut
over 60 døgn gjeld reglane for langtidsopphald.
* Gr. II og III betalar ordinær pris som er kr. 2500,- pr.veke for heile bustaden.

Flyreisa varierar mykje i pris etter kva tid på året ein reiser. Frå rundt kr. 1000,- til kr. 4000,- tur/retur. Avreise frå Bergen, Haugesund, og Stavanger.

Kvar og korleis søkjer ein?
* Søknad om å få nytta bustad vert å senda verksemdsleiar i sona. Den kommunale inntaks-
nemda vurderer og tilrår søknaden.
* For kommunalt tilsette som av helsemessige grunnar vil ha nytte av eit opphald, skal det
føreliggja sakkunnig uttale og tilråding frå kommunen sin HR-rådgjevar.
* For kommunalt tilsette og pensjonistar som ynskjer å nytta bustaden til ferieopphald,
søkjer ein om dette via sin verksemdsleiar. Dersom fleire søkjer om opphald i same
tidsrom, vert bustaden fordelt etter loddtrekning.

For nærare informasjon ta kontakt med Ellen Korsvold Tlf. 48 89 24 62

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no