Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

Oppdatert: 28.12.2011 09:31
Generelt
Beskrivelse

Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gir grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter

Kriterier/vilkår
  • Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering
  • Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge
  • Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging 
  • For nokre planar vil det vere krav om konsekvensanalyse. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt

Utbygginga må vere sett i gang seinast fem år etter at planen er vedtatt. Denne fristen kan etter søknad bli forlenga med to år om gongen.

Pris for tjenesten

Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag.


Kommunale avgifter og gebyr
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Startpakke for reguleringsplanar
Partnere

Du må varsle gjeldande offentlege organ og andre interesserte når planarbeidet blir sett i gang. Det same gjeld registrerte grunneigarar og festarar og om mogleg andre grunneigarar i planområdet.

Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lese på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen overtar saka når planforslaget er vedtatt sendt på høyring.

Kvinnherad kommune nyttar frå desember 2010 ei startpakke ved handsaming av private forslag til reguleringsplanar. Startpakka finn du under "Brosjyrer, dokument, kart og liknande" eller ved å gå til denne adressa: http://www.kvinnherad.kommune.no/startpakke.

Planspørsmålet skal drøftast med kommunen før planarbeidet tek til. Bruk skjemaet i vedlegg A til startpakka for å tinga oppstartmøte.

Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset
5470 Rosendal
 

eller på e-post til post@kvinnherad.kommune.no.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.

Klagemulighet

Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Samfunnsutvikling
Telefon:53 48 31 00
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2011-12-28 09:31
Gyldig fra
2009-07-01
Gyldig til
2012-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no