Kontaktperson
Lover
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven)Forskrifter
Forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og kommunalt planregister (kart- og planforskriften)Forskrift om konsekvensutredninger
Forskrift om tidsfrister (...) for private forslag til detaljregulering
Reguleringsplan - rett til å fremje forslag | ||||||||
| Oppdatert: 28.12.2011 09:31 | ||||||||
| Generelt | ||||||||
| Beskrivelse Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gir grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. | ||||||||
| Målgruppe Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter | ||||||||
Kriterier/vilkår
Utbygginga må vere sett i gang seinast fem år etter at planen er vedtatt. Denne fristen kan etter søknad bli forlenga med to år om gongen. | ||||||||
| Pris for tjenesten Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag. Kommunale avgifter og gebyr | ||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende Startpakke for reguleringsplanar | ||||||||
| Partnere Du må varsle gjeldande offentlege organ og andre interesserte når planarbeidet blir sett i gang. Det same gjeld registrerte grunneigarar og festarar og om mogleg andre grunneigarar i planområdet. | ||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lese på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen overtar saka når planforslaget er vedtatt sendt på høyring. Kvinnherad kommune nyttar frå desember 2010 ei startpakke ved handsaming av private forslag til reguleringsplanar. Startpakka finn du under "Brosjyrer, dokument, kart og liknande" eller ved å gå til denne adressa: http://www.kvinnherad.kommune.no/startpakke. Planspørsmålet skal drøftast med kommunen før planarbeidet tek til. Bruk skjemaet i vedlegg A til startpakka for å tinga oppstartmøte. | ||||||||
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune eller på e-post til post@kvinnherad.kommune.no. | ||||||||
| Saksbehandlingstid Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt. | ||||||||
| Klagemulighet Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret. | ||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-28 09:31 | ||||||||
| Gyldig fra 2009-07-01 | ||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

