Radon | ||||||||||
| Oppdatert: 27.12.2011 14:23 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Tema - Helse - Miljøretta helsevern | ||||||||||
| Beskrivelse
Kva er radon
Radon er ein naturleg, radioaktiv gass utan farge, lukt eller smak. Den blir danna frå nedbryting av radium, eit grunnstoff som førekommer naturleg i små mengder i dei fleste bergarter og jord. Dei høgste konsentrasjonane av radon finn vi i områder med alunskifer, granitter, pegmatitter og lausmasser eller morenegrunn. Radongass har liten evne til å binde seg til faste stoffer, og kan difor komme ut i lufta vi puster i. Radon i inneluft
Hovudkjelda til radon i norske bustader er byggjegrunnen. Radon treng inn i bygg gjennom utettheiter i konstruksjonen som er i kontakt med byggjegrunnen, f.eks via sprekker i sålekonstruksjon og grunnmur, rundt røyrgjennomføring, sluk og liknande. Dei høgste verdiane opptrer difor i lågaste etasje, og radonkonsentrasjonen avtar med høgde over bakkenivå. Helserisiko
Radon gjev auka risiko for utvikling av lungekreft. I følgje Verdas helseorganisasjon er radon den viktigste årsak til utvikling av lungekreft etter aktiv røyking. Gassen representerer først ein helserisiko når den blir konsentrert i inneluft. Risikoen for å utvikle lungekreft er avhengig av radonkonsentrasjon, men også av opphaldstid. Det er først ved eksponering over fleire år at det er snakk om nokon auking i risiko. Av denne grunn er det kun resultater frå målingar i dagleg nytta opphaldsrom, gjerne stove og soverom, som er relevante. Måling av radon
Det er ikkje mogleg å fastslå radonkonsentrasjonen i ein bustad utan at det blir gjennomført måling. Statens strålevern anbefaler difor alle bustadeigarar å foreta ei måling av radon. Måling med sporfilm blir vurdert som den absolutt beste for måling av radon. Tiltaksnivå
Anbefalt tiltaksnivå for radon i inneluft er 100 Bq/m3. Tiltaksgrensa definerast ikkje som ei trygg grense, men ei grense kor tiltak alltid bør iverksettjast. Bygningsmessig utføring skal sikre at mennesker som oppheld seg i eit byggverk ikkje blir eksponet for radonkonsentrasjonar i inneluft som kan gje forhøga risiko for helseskader, og nye bustader bør konstruerast slik at radonverdien blir lågast mogleg. Maksimal grenseverdi er 200 Bq/m3, ein verdi som alle opphaldsrom i bygninga bør tilfredsstille. Slik går du fram for å måle radon i din bustad
- Kontakt firma som tilbyr måling av radon.
- Bestill sporfilmbokser for måling i minimum to opphaldsrom. Måling bør bli
gjennomført i perioden mellom oktober og april.
- Du mottek sporfilm som postforsendelse. Retningslinjer følgjer vedlagt.
- Måleperiode er minimum to månader.
- Returner sporfilmboksane til laboratorium for analyse.
- Du mottek målresultata etter nokre veker.
Miljøretta helsevern/kommuneoverlegen si rolle:
Vi vidareformidler informasjon om firma som kan tilby måling av radon. Vi kan også på førespurnad undersøke om det er føreteke radonundersøking i kommunen. Radon i borebrønn
Når radonhaldig grunnvatn frå borebrønn blir nytta i hushaldinga, vil radon bli frigjort frå vatnet og gje auka radoninnhald i lufta. Ved radonkonsentrasjonar over 500 Bq/l vatn anbefaler Statens strålevern at det blir gjort tiltak for å redusera radoninnhaldet i vatnet. Det blir krevd spesielle forholdsreglar ved prøvetaking av vatn til måling av radoninnhaldet for å unngå tap av radon.
Nærare informasjon kan fåes ved å venda seg til:
| ||||||||||
| Målgruppe Alle innbyggjarar i Kvinnherad kommune. | ||||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Teknisk rådgjevnad: Statens strålevern har ein oversikt over firma som tilbyr prosjektering og/eller utfører bygningstekniske løysninger: liste.
Denne og ytterligere informasjon om radon finner du hos Statens strålevern.
Liste over firmaer som utfører måling av radon i inneluft finn du her.
| ||||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-27 14:23 | ||||||||||
| Gyldig fra 2009-10-29 | ||||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

