Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet har 5 medlemer, 4 valde blant menneske med nedsett funksjonsevne og 1 medlem blant kommunestyret sine medlemer.
Leiar og nestleiar vert valde av kommunestyret.

Rådet sine oppgåver og mynde

  • Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha til handsaming og kunna gje uttale i saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Rådet skal ha hovudfokus på overordna og overgripande saker, og skal ha til uttale følgjande saker:
    • årsbudsjett og økonomiplan
    • kommuneplanar og reguleringsplanar
    • planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan – og bygningslova
    • sektorplanar innan oppvekst, kultur, idrett, helse, pleie og omsorg, friluftsliv og teknisk
    • samferdselssaker
    • bustadprogram

Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem menneske med funksjonshemming, men kan ikkje handsama saker som gjeld einskildpersonar.

Kvart år skal rådet leggja fram melding til kommunestyret om verksemda si.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no