Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Råd for eldre

Råd for eldre har 5 medlemer og vararepresentantar, 4 blant alderspensjonistar, og 1 medlem blant kommunestyret sine medlemmer.
Leiar og nestleiar vert valde av eldrerådet.

Rådet sine oppgåver og mynde

  • Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha til handsaming og kunna gje uttale i alle saker som gjeld levekåra for eldre.
  • Rådet skal ha hovudfokus på overordna og overgripande saker, og skal ha til uttale følgjande saker:
    • årsbudsjett og økonomiplan
    • kommuneplanar og reguleringsplanar
    • planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan – og bygningslova
    • Sektorplanar innan oppvekst, kultur, idrett, helse, pleie og omsorg, friluftsliv og teknisk
    • samferdselssaker
    • bustadprogram

Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen, men skal ikkje behandla saker som gjeld einskildpersonar.

Rådet skal kvar år leggja fram melding til kommunestyret om verksemda si.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no