Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Psykisk helsearbeid for barn og unge

Tenesta er eit lågterskeltilbod og dekker heile kommunen. Psykisk helsearbeidar for barn og unge er knytt til helsestasjonstenesta i Kvinnherad.
Bruk tilvisningsskjemaet til TTBU (sjå i høgre spalte)

Korleis kjem ein i kontakt med oss?

Barn og  unge eller foreldra sjølve kan ta kontakt og be om råd, rettleiing eller samtale. Du kan ringja oss, eller kontakta oss på helsestasjonen og våre trefftider ute på skulane.

 

Elles kan lærar, helsesøster, lege, utekontakt eller andre hjelpeinstansar henvise barnet for samtale.

 

Kven kan få tenesta:

§  Barn og ungdom  0–20 år.

§  Foreldre/føresette til barn og unge.

§  Tilbod til barn og unge som har lettare psykiske vanskar og som står i fare for å utvikle større psykiske vanskar

 

Kva gjer vi?

§  Gir råd og rettleiing til barn, unge og deira foreldre

§  Gir samtalehjelp/behandling til barn og unge

§  Har samtalegrupper for barn av psykisk sjuke eller mødregrupper og jentegrupper.

§  Tverrfagleg samarbeid

§  Undervisning

 

Vi arbeider særleg med  førebyggande arbeid i høve  3 målgrupper:

 

1.      Barn i risiko for å utvikle psykiske problem.

Det kan være barn som slit med psykososiale problem, som skulevegring, mobbing, sorg, kriser, mistrivsel og tilpasningsvanskar, eller problem i høve til venner, familie, fritid, eller om dei har vanskar i høve til søvn, mat, kropp, seksualitet eller kjærleik.

Ein kan vel også sei at det er barn som viser normale reaksjonar på ein unormalt vanskeleg situasjon.

 

2.      Barn av sjuke eller rusmisbrukande foreldre.

Ein veit at det påverkar alle i familien om ein av dei vaksne har problem. For barn kan det vera vondt og vanskeleg at mamma eller pappa er sjuk. Det er viktig at dei då kan ha nokon å snakka med om det som kan vera traumatisk, og nokre gonger er det naturleg at vi bidreg med det.

 

3.      Barn som sjølv har utvikla psykisk sjukdom.

Det kan vera barn som slit med depresjon, angst, asosial åtferd, åtferd vanskar, spiseforstyrrelsar, rus og sjølvmordstankar.

 

Nokre gonger er psykisk helsearbeidar koordinator for ansvarsgruppe barn og unge med samansatte vanskar. Vi hjelper då til med organisering av dei offentlege tiltaka, ofte ved å laga ein Individuell plan.

 

Kontakt oss:

Husnes helsestasjon eller våre trefftider ute på skulane.

Postadresse: TTBU, Psykisk helsearbeider for barn og unge, Husnestunet, 5460 Husnes.

 

Telefonnummer:

Roger E. Henriksen:

53 46 16 27 / 416 54 603

e-post: roger.ekeberg.henriksen@kvinnherad.kommune.no

 

Laila Sunde:

53 46 16 98 / 915 99 256

e-post: laila.sunde@kvinnherad.kommune.no

 

Trefftider:

Husnes ungdomsskule: anna kvar onsdag frå kl. 10 – 12 på Knutarommet.

 

Øyatun ungdomsskule:  kvar 4. tysdag  frå kl. 10 – 12, sjå oppslag.

 

Rosendal ungdomsskule:

kvar torsdag frå kl. 10 – 12 på helsestasjon i Rådhuset.

 

Kvinnherad vidaregåande skule: kvar onsdag  kl. 11.30 – 12.30, på helserom i Husneshallen.

 

 

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no