Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Pressemelding - Gardskart

Det har kome mange tilbakemeldingar og arbeidet har såleis blitt svært omfattande. Det er og for tida stor aktivitet innan landbruket i Kvinnherad. Som ein fylgje av dette har kommunen fått utsett frist til 21.12.12 med å retta opp feilmeldingar.

I 2011 vart det sendt ut gardskart til alle eigarar av landbrukseigedomar i kommunen. Det vart sendt ut over 1100 kart. Bakgrunnen for det var å finna ut om det er feil i kartgrunnlaget. Dette kartgrunnlaget er viktig både for å vita eigedomsgrenser og storleiken på landbruksareal. I brevet sto det og att arbeidet med å retta opp karta i kommunen skulle vera ferdig innan 31.05.12. og att dei nye arealopplysningane skulle nyttast i samband med søknad om produksjonstilskot i august 2012.

Det har kome mange tilbakemeldingar og arbeidet har såleis blitt svært omfattande. Det er og for tida stor aktivitet innan landbruket i Kvinnherad. Som ein fylgje av dette har kommunen fått utsett frist til 21.12.12 med å retta opp feilmeldingar. Dette gjer at ein kan nytta dei arealopplysningar ein tidlegare har nytta ved søknadsomgangen i august 2012. Dersom nokon ynskjer å få retta opp eigne arealopplysninga i samband med komande søknadsomgang må ein ta kontakt med landbrukskontoret. Alle slike opplysningar vert lese maskinelt og det må vera samsvar mellom desse opplysningane og det som står i landbruksregisteret.

Dersom det er det spørsmål om gardskarta, så kan ein ta  kontakt med Kvinnherad kommune

v/ landbrukskontoret tlf. 53483100


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no