Minihytte - branntryggleik_150x200.jpg

Ei undersøking blant hytteeigarar og hytte brukarar viser at særs mange utfører handverksmessig arbeid på eiga hytte. Ein kan gjere mykje sjølv, og mange er åpenbart ganske nevenyttige. Men når det gjeld blant anna elektrikararbeid, er det særs begrensa kva ein har lov til å gjere sjølv.

På spørsmålet: Kva for slags handverksmessig arbeid har du utført på eiga hytte? svarer respondentane slik (fleire svar mogleg);                   

Snekkararbeid

 

83 prosent

Rørleggjararbeid

 

13 prosent

Elektrikararbeid

 

15 prosent

Arbeid på pipe

 

14 prosent

Arbeid på eldstad

 

18 prosent

Anna arbeid

 

25 prosent

Undersøkinga viser og at mange ikkje sjekker røykvarslaren kvar gong ein tar i bruk hytta.

Ein røykvarslar byrjar normalt å pipe med små korte støyt i eit par vekers tid før den går heilt tom for strøm. Om det er ei stund sida sist ein var på hytta, kan batteriet ha gått tomt i mellomtida, uten at ein veit om det. Derfor er det så viktig at ein testar røykvarslaren kvar einaste gong ein nyttar hytta.

Nå i påsken skal Kvinnherad brann og redning saman med rundt 50 andre brannvesen i heile landet ut og treffe hyttefolket for ein hyggeleg prat om branntryggleik. Då vil dei og dele ut blant anna ei «minihytte». Denne skal hengjast opp ein stad i hytta, og gir ei god oversikt over kva ein må tenke på for å unngå brann. Den har og eit magasin til ekstra røykvarslarbatteri slik at ein alltid har dette tilgjengeleg. Bak kampanjen står Norsk brannvernforening og Tryg Forsikring.

Funn og andre fakta

  • 15000 hytter manglar sløkkjeutstyr.
  • 8000 hytter manglar røykvarslarar.
  • I overkant av 1000 hytter brenn årleg i Noreg.
  • Feil montering, mangelfullt vedlikehald og feil bruk av pipe og eldstad er den vanlegaste årsaka til hyttebrannar.
  • Handverksmessig eigeninnsats er normalt vesentleg større på hytter enn i ordinære bustader. Dette kan gi større fare for brann.
  • Mange hytter ligg utanfor allfarvei, noko som ofte fører til lengre utrykningstid for brannvesenet til ei hytte enn til ein bustad.
  • Alle hytter skal ha minst ein fungerande røykvarslar i kvar etasje, i tillegg til eit godkjent brannsløkkjeapparat eller husbrannslange. På hytta må ein sjølv vere forberedt på å sløkkje ein eventuell brann.

Sjekkliste for branntryggleik på hytta:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong du nyttar hytta.
  • Ha alltid ekstra batteri i reserve.
  • Gå aldri frå levande lys.
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ.
  • Deponer og kast askeavfall på ein forsvarleg måte.
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Ver ekstra varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamnleg.
  • Sørg for rikeleg tilgong til sløkkjeutstyr.
  • Bruk godkjende fagfolk til utbedringar som krev dette.

Undersøkinga det vert vist til, vart gjennomført i mars 2018 og formidla via Facebook. 1750 eigarar og brukarar av hytter i Noreg svarte på spørsmål om branntryggleik på hytta. Vi tar atterhald om at respondentane i undersøkinga utgjer eit representativt utval.