Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Til nedlasting:

Presentasjonar frå bransjefrukost 15. juni 2011

Ingressbilde bransjefrukost 15. juni 2011
Fagsamlinga for bygg-, eigedom- og planbransjen 15. juni vart ei nyttig oppleving for 30 bransjefolk og 15 kommunalt tilsette. Her kan du lasta ned presentasjonane frå samlinga.

Nedst i denne artikkelen finn du lenke til ei pdf-fil med presentasjonane. Alle lenker og epostadresser som vart presentert er klikkbare.

Vi oppmoder bransjefolk om å abonnera på nyhendebrevet "Areal- og byggnytt"  frå kommunen. Om du ikkje allereie får dette kan du melda deg på mailingslista på denne sida: Abonner på areal- og byggnytt. Send gjerne dette tipset vidare til dine kollegaer!

Hendingar av "nokon storleik" vert i tillegg til publisering på kommunen si heimeside også lagt ut på Facebook. For å få med deg denne informasjonen klikkar du liker-knappen på www.facebook.com/kvinnherad.

Vi takkar deltakarane for engasjementet under samlinga og tek med oss innspela om ma. byggereserver, utbyggingsavtalar og forelda kommunedelplanar. Hausten 2011 vert det truleg ei ny samling med tema knytt til byggesak.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no