Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Informasjon om offentleg journal

Kvinnherad kommune vil praktisera utvida openheit og innsyn, og i utgangspunktet skal kommunen vera ein ja -kommune med fullt innsyn i forvaltninga.

Knapp_Postliste_180x115.jpg

Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova med forskrift og personopplysingslova.

Korleis får du innsyn?

Dokument som er publisert på postlistene
Offentleg tilgjengelege dokument søkjer du sjølv opp og les på postlista. Dokumenta blir publisert på internett når dei er registrert/journalført. Inngåande post vil kome på postlista 3 dagar etter mottak.

På postlistene kjem:

  • post som er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • post som har allmenn interesse
  • post som har verdi som dokumentasjon

Dokument med personnummer, kontonummer o.l. (tilgangskode IP) blir ikkje publisert, men er tilgjengeleg på førespurnad.

Krav om innsyn kan rettast til post@kvinnherad.kommune.no.

Dokumenter som er unnateke offentligheit
Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Eventuelle krav om innsyn kan rettast til post@kvinnherad.kommune.no . Les meir om innsynsrett i offentlege dokument.

Dokument som ikkje ligg på postlistene:

Eldre dokument
Postlister for generelle og politiske saker er tilgjengeleg for dei siste 4 åra. For å få innsyn i dokument som er eldre enn dette, må du sende ein epost til post@kvinnherad.kommune.no.

Personsaker
Dokument knytt til arkivdel for personale, elevar og klientar blir ikkje publisert.

Pasient- og klientsaker vert handsama i lukka fagsystem og blir haldne utanom internett. Partinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Krav om innsyn må rettast til aktuell tenestestad.

Du trenger Adobe Acrobat Reader for å lese dokumentene. Acrobat Reader kan lastes ned fra nett og brukes gratis.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no