Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Pedagogisk Psykologisk teneste - PPT

Skolebarn_200x393
Pedagogisk Psykologisk teneste skal bidra til at barn og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve. Tenesta er ein del av Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU).

Kven kan få tenesta:

- Barn og ungdom i grunnskulealder, 0–16 år.

- Foreldre/føresette til barn og unge.

- Skule- og barnehagetilsette.

- Andre med arbeidsoppgåver knytt til personar med særskilde
behov.

- Vaksne med spesielle behov, 19 år og oppover (etter endt
vidaregåande opplæring).

Alle kommunar skal etter opplæringslova ha ei pedagogisk – psykologisk teneste (PPT).

 

Formålet med tenesta

·      Bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve.

 

Kven yter tenesta

Tenesta er tverrfagleg samansett:

·        Psykolog

·        Sosionom

·        Logoped

·        Spesialpedagog

 

Innhaldet i tenesta

·        Utgreiing, diagnostisering og evt. vidare tilvising.

·        Direkte hjelp i form av samtalar, råd og veiledning.

·        Sakkunnig vurdering i høve til behov for spesialundervisning.

·        Veiledning til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule i ulike spørsmål som

           vedgår utvikling, opplæring og rettar for barn og unge.

·        Råd og veiledning i høve til barn og unge med samansette lærevanskar, fagvanskar,

kommunikasjonsvanskar og sosiale/emosjonelle vanskar.

·        Kurs og informasjonsverksemd.

·        Samarbeid med andre hjelpetenester, t.d. kommunale instansar, BUP (Barne- og

·        ungdomspsykiatrisk), Syns- og audiopedagog tenesta, det statlege kompetanse-

sentersystemet, medisinske 2. og 3.linetenester slik som Haukeland, Vestlund,

Frambu,  rehabiliteringstenesta.

 

Kva kan du forventa av oss

·        Vi vil ta imot deg på PPT-kontoret i Husnestunet til avtalt tid.

·        Vi kan møte deg heime, i barnehagen eller på skulen etter avtale.

·        Vi vil lytta til det du har å fortelja, og du vil bli møtt med ei positiv haldning og respekt.

·        Vi har teieplikt og vil be om ditt samtykke dersom me skal samarbeida med andre fagfolk om di sak.

·        Vi er lett tilgjengelege.

 

Kva me forventar av deg

·        At du deler din kunnskap og dine erfaringar med oss.

·        At du aktivt er med på å finne løysingar ut frå eigne behov.

·        At du seier kva du ønskjer og gjev tilbakemelding på kva du er nøgd/misnøgd med.

·        At du prøver å følgja opp det me saman er blitt einige om.

·        At du møter til avtalar og melder ifrå dersom tida ikkje passar.

 

Praktiske opplysningar

·        Me kan nåast direkte eller via barnehage, skule, helsestasjon, lege og andre

·        hjelpetenester.

·        Tenesta er gratis

·        Sakshandsamingstid: Tilvisinga vil bli behandla i vårt inntaksteam og du vil bli kontakta innan 14 dagar om framdrifta i saka.

·        Dersom PP- tenesta ikkje har høve til å byrja samarbeidet med deg umiddelbart etter inntak, vert tilvisinga sett på venteliste.  Du vil då få brev om dette, med løfte om oppstart innan 6 månader.

·        Ungdom i vidaregåande skule kan kontakta OT-PPT – Oppfølgings- og PP- tenesta på

Stord, tlf: 53402052.

 

Kontakt oss:

PPT-kontoret held til lokaler i Husnestunet, sokkeletasjen. Kontoret har felles ekspedisjon med barneverntenesta. Inngang frå parkeringsplass.

Postadresse: PPT-kontoret, Husnestunet, Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes

 

E-post: tiltak.tjenester.barn@kvinnherad.kommune.no

 

Tlf. 53 46 16 90

 

Åpningstid:

Måndag – fredag:

Kl 08.00 – 15.30

 

Fagkoordinator Beate Ullmann                                                  

 

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no