Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Palmesundag startar tell tur 2018

Turgutta

Friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering vil for Kvinnherad vere funksjonelt frå morgonen 25. mars

Søndag 25. mars (Palmesøndag) blir det oppstart av turregistreringssystemet TellTur i vår region. Det er Friluftsrådet Vest som administrerer det populære turprosjektet, samman med sine medlemskommunar og nokre av turlaga i distriktet

TellTur starta i 2014 og har hatt ein fantastisk vekst sidan oppstarten. I fjor var det hele 3100 personer som nytta systemet og registrerte turane sine i vår region. Det var 138 forskjellige turmål i 12 kommuner å boltra seg på. Så mange som 20 personer klarte å gjennomføra tur til alle måla. I snitt besøkte ein typisk TellTur-brukar 15 forskjellige turmål i løpet av sesongen. Det mest gledelege i sesongen 2017 var likevel at fleire og fleire barnefamiliar brukte TellTur til å komma seg ut på tur litt oftare enn før.

I sesongen 2018 får dei ivrige turgåarne 127 turmål å velgje mellom. Mange av turmåla er nye av året og har ikke blitt presentert i TellTur før. Her er nokre av de nye turmåla: Skrubburdnuten (Tysvær), Skomakarnibba (Vindafjord), Kjerringtuva (Karmøy) og Landsåt (Sveio). Kodane til turmåla blir plassert ut denne veka av mange frivillige støttespelarar.

Finn turmåla for Kvinnherad her

  


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no