Ordførar Synnøve Solbakken
Ordførar i Kvinnherad kommune er Synnøve Solbakken. Ho representerer Det norske Arbeiderparti. Synnøve Solbakken er den fyrste kvinnelege ordføraren i Kvinnherad kommune nokon gong, og er såleis blitt historisk.Ordføraren vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre.
I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisera arbeidet i formannskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett rådmann, har ansvaret for å leia administrasjonen og for utgreiing av saker som vert lagt fram for dei folkevalde.
Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen og deltek i små og store hendingar.
Ordføraren har kontorstad i rådhuset.
Adresse: 5470 Rosendal
Telefon sentral: 534 83 100
E-post: synnove.solbakken@kvinnherad.kommune.no





