Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Oppstart av prosjekt i Muradalen

kart over grøft i Muradalen_200x150
Prosjektet består av graving av ei 800 meter lang grøft frå noverande inntak og inn til dagens kraftstasjon. I denne grøfta skal det liggja både vassleidning og høgspentkabel.

Grøfta er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune,  Kvinnherad Energi as og Rosendal- og Omland vassverk, og det vil blant anna føre til at høgspentkabelen som i dag går i luftlinje, vert fjerna og erstatta med jordkabel. Det er Dale Entreprenører AS som har fått prosjektet, og dei får hjelp av desse underlevrandørane:

  • Sprengningsarbeidet - Ulvatn Riggboring As
  • Røyrleggjararbeidet - Hordaland Aquatecnic AS
  • Betongarbeidet - GH Skjelnes Entreprenør

Prosjektet skal vera ferdig 18. juni 2010 Når dette prosjektet er ferdig, er det etablert nytt inntak oppstrøms kraftstasjonen, og rivingsarbeidet med den gamle kraftstasjonen kan ta til. Arbeidet med bygging av nytt vassbehandlingsanlegg samlokalisert med ny kraftstasjon vil ta til i juni månad. Frå sommaren 2011 vil samtlege private og kommunale abonnentar på strekkja Løfallstrand - Omvikdalen verta forsynt med vatn frå det nye " Muradalen vassbehandlingsanlegg" Det vil samtidig vera etablert reservemagasin på 1.500 m3 drikkevatn på Seimsfoss, og dagens inntaksanlegg i Omvikdalen vert nedklassifisert kun til kriseforsyning.

Trykk denne linken for å sjå kartutsnitt over grøfta : Gr%C3%B8ft+Muradalen.pdf


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no