Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

OPE NETTVERKSMØTE "INN PÅ TUNET" ONSDAG 14.SEPTEMBER 10.00

Landskpa i drift -bilete frå FMLA
Inn på tunet – tilbod skapar livskvalitet for menneske innanfor oppvekst, psykiatri/arbeid og demens, og kan gje økonomisk gevinst for kjøparane

 

 
Inn på tunet – tilbod skapar livskvalitet for menneske innanfor oppvekst, psykiatri/arbeid og demens, og kan gje økonomisk gevinst for kjøparane.
 
Med ”Inn på Tunet” meinar ein tilrettelagde tilbod om aktivitetar tilpassa ulike målgrupper. Med gardsdrift, dyr og natur som ramme er målet meistring og ein betre kvardag for  brukarane. Inn på tunet-løftet er eit eige satsingsområde i Landbruks- og matdepartmentet sin strategi for næringsutvikling, og vart vedteke som eiga satsing i jordbruksavtalen for 2010. Føremål er å forankra og styrkja Inn på tunet i kommunale plan- og strategiarbeid, og finna gode,
tverrsektorielle samarbeidsformer og modellar i tenesteutviklinga. Vidare skal løftet bidra
med å styrkja kommunen sin kompetanse om Inn på tunet tilbod og tenester og gje auka
verdiskaping.
 
 
 Me ynskjer å etablera eit godt nettverk i kommunen der me kan få auka kunnskap om Inn på tunet og inspirasjon i arbeidet.
 
Hovudmålgruppa for møte er aktuelle kjøparar av Inn på tunet – tenester i
kommunale og statlege organisasjonar, tilbydarar og bønder som har etablert eller ynskjer
å etablera Inn på tunet – verksemder.
 
 Kvinnherad kommune søkte i vår om midlar frå Inn på tunet- løftet i regi av Landbruks – og matdepartementet . Vi fekk diverre ikkje tilslag på denne søknaden. I Hordaland var det berre Voss kommune som nådde opp i denne runden medan Sveio vart med i 2010.
 
Det vert ein ny sjanse i 2012. Vi ønskjer å halde fram med arbeidet med å leggje til rette for Inn på tunet-tilbod i Kvinnherad sjølv om vi ikkje fekk statlege midlar i år.
 
 
 Onsdag 14.september 2011 klokka 10.00 på Rådhuset
 
10.00  Velkomen
 
10.15 Inn På Tunet som samfunnsutviklings- og næringsutviklingstiltak
             v/Ragna Flotve, prosjektleiar for Inn På Tunet - løftet, Sveio
 
* Erfaringar frå Inn På Tunet - arbeidet i Sveio
* Forankring og samarbeid
* Ulike målgrupper - ulike løysingar
* Inn På Tunet og sosialt entreprenørskap
* Inn På Tunet som naturleg aktør i gjennomføring av Samhandlingsreforma
           
11.15 Kva tilbod finnast elles i fylket? v/. Frøydis Lindén Rådgjevar hjå  Fylkesmannen si             
            Landbruksavdeling
 
            *Demenstilbod i Bergen og korleis det vert organisert.
            *Hordaland sin hovedprioriteringar innan IPT.
 
 
 11.45 Orientering om skuleavtalar i Kvinnherad v/ Jorunn Toskedal.
 
 
11.30    Dialog og erfaringsutveksling med kaffi og  noko å bite i.
 
Vegen vidare
 
Møte slutt ca 14.00
 
Eksterne foredragshaldarar:
Ragna Flotve
Prosjektleiar Inn På Tunet - løftet, Sveio
Ragna er også dagleg leiar i Sveio Næringsservice og i verksemda Heraklit - Endringsnavigatøren.
 
Frøydis Lindén
 RådgjevarInn På Tunet
Fylkesmannen i Hordaland
 
 
Vonar at alle kan spreie informasjon om møte til aktuelle personar som ha interesse av å høyre om andre erfaringar og bidra i nettverket vårt. Sjå elles www.kvinnherad.kommune.no
 
 
Grunna serveringa vil vi  sjølvsagt gjerne vite kor mange som kjem .
Vel møtt .
 
 
 
Med vennleg helsing
 
 
 
-næringsrådgjevar-
 
53483353/90978556
 
 
 
 

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no