Bustøtte

Du kan søkje bustøtte viss du har lav inntekt og problem med å betale husleige eller bustadlånet ditt. Du kan søkje bustøtte her.

For hjelp, rettleiing og endring, ta kontakt med:
NAV, tlf. 55 55 33 33, og legg igjen beskjed til Åse Haugse.

Startlån

Startlån kan vere ein mogeleg inngong til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån, har varig lav inntekt og ikkje moglegheit for å spare.

Finn ut om du er i målgruppa for å kunne søkje startlån her.

Viss du er i målgruppa for startlån kan du søkje her.

For hjelp og rettleiing, ta kontakt med:
Niels Jakob Erlingsson
Tlf. 952 08 909

Tilskot til etablering i eigen bustad

Enkeltpersoner/hushaldningar med varig lav inntekt og som ikkje er i stand til å handtere fullt lån til eigen bustad kan søkje om tilskot til etablering i eigen bustad. Ordninga er behovsprøvd. Du kan lese meir og søkje her.

For hjelp og rettleiing, ta kontakt med:
Niels Jakob Erlingsson
Tlf. 952 08 909

Tilskot til tilpassing av bustad

Personar med nedsett funksjonsevne kan søkje om tilskot til tilpassing av egen bustad. Tilpassinga må være hensiktsmessig og behovet blir vurdert ut frå husstandens økonomiske situasjon. Du kan lese meir og søkje her.

For hjelp og rettleiing, ta kontakt med:
Niels Jakob Erlingsson
Tlf. 952 08 909

NAV

Bustøtte ligg under NAV Kvinnherad, medan startlån og tilskot for etablering og tilpassing av eigen bustad ligg under Kvinnherad kommune.