Kvinnherad forvaltningskomite vedtok 05.09.2018 med saksnr. 2018/87 at forslag til detaljreguleringsplan for delar av gnr. 135, 136, 137, 138 og 139 - Gang-/sykkelveg Fv. 48 Herøysund vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er Multiconsult AS.

Formål med planarbeidet er å legge til rette for etablering av ny gang- og sykkelveg langs Fv. 48 i Herøysundet. Planen legg også til rette for noko utbetring av fylkesvegen, sanering av fleire eksisterande avkøyrsler og etablering av nye tilkomstveger og kollektivhaldeplassar. Målet er å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande i området.

Oppstart av planarbeidet vart varsla 14 - 20.06.2017 med frist for innspel til planarbeidet 15.08.2017.

Forslag til plankart, planforklaring, føresegner mm. kan opnast/lastast ned frå lenkene under.

Plankart mm. er også tilgjengeleg gjennom kommunen sin kartportal, og kan sjåast her: http://kommunekart.com/klient/kvinnherad/kart?urlid=14dc09b622e9436e90805f242bf1228d

Papirutgåve av planforslaget vert lagt ut på Kvinnherad bibliotek (Husnes) og i rådhuset (Rosendal).

Plandokumenta vert sendt som datafiler til offentlege instansar som har interesser eller mynde i planområdet.

Frist for merknadar til planforslaget er 06.11.2018.

Eventuell uttale skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.