hydrogenvegen stiftelsesmøte 3.jpeg
F.v: Eivind Tokheim frå Ullensvang Venstre, Ragnhild Bjerkvik, kommunedirektør Kvinnherad, Harald Maaland, prosjektleiar hydrogensatsinga til Kvinnherad kommune, John Terje Veseth frå Notodden Utvikling AS, ordførar i Odda Roald Aga Haug og ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold.

Kommunane nye Ullensvang, Notodden og Kvinnherad lanserer no eit felles selskap, Hydrogenvegen AS, som skal drive fram hydrogenprosjekt og få på plass hydrogenbilar og fyllestasjonar langs E134 mellom Austlandet og Vestlandet.

Dei tre kommunane med tilhøyrande næringsliv slår kreftene saman i satsinga si på grøn hydrogen for å oppnå store klimakutt og ny grøn næring. I Notodden har NEL etablert seg som ein internasjonal leverandør av hydrogenteknologi og i Odda arbeider TiZir med å erstatte kol med store mengder hydrogen i ilmenittproduksjonen. Kvinnherad kommune planlegg saman med SKL storskala produksjon av flytande hydrogen frå vasskraft, og har søkt om 11 millionar til eit forprosjekt på hurtigbåt på hydrogen. Desse tre kommunane vil altså om få år ha ei komplett verdikjede innan grøn hydrogen: Produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen utan klimagassutslepp.

Ventar ikkje på nasjonal infrastruktur
Å etablere ei lokal flåte med hydrogenbilar og ein fyllestasjon i kvar kommune vil bidra til lokale kutt ved å erstatte fossilbilar. Hydrogenbilar er ei god løysing i desse distriktskommunane med store avstandar. Samstundes ligg Notodden, Odda og Kvinnherad mellom Oslo og Bergen. Ved å byggje hydrogenstasjonar skapar desse tre kommunane ein hydrogenforbindelse mellom aust og vest. Hydrogenvegen AS vil difor jobbe med å få på plass hydrogenstasjonar i dei tre kommunane og organisere ei stor, felles bestilling av hydrogenbilar til kommune, næringsliv og private i Notodden, nye Ullensvang og Kvinnherad. Etter ulykka ved ein hydrogenstasjon i Asker vert sjølvsagt tryggleik eit premiss for utbygginga. Denne satsinga skjer i tett dialog med Hordaland fylkeskommune sitt initiativ til felles nasjonalt flåteinnkjøp av hydrogenbilar innan tungtransporten.

Raskare grøn omstilling i samarbeid med næringslivet
Selskapet Hydrogenvegen AS er eigd av dei tre kommunane og skal ha ei koordinerande rolle for dei pågåande hydrogenprosjekta i kommunane, og kan drive fram nye prosjekt innan fornybar hydrogen i samarbeid med næringslivet og det offentlege. Hydrogenvegen strekkjer ut ei open hand til næringslivet og inviterer dei inn, også på eigarsida. Hurtigbåtar på hydrogen, hydrogenproduksjon frå småkraftverk, hydrogenbruk i oppdrettsnæringa og industrien er eksempel på potensielle prosjekt. Målet er altså å raskt få på plass hydrogenbilar og stasjonar, samt akselerere satsinga på grøn hydrogen langs aksen Kvinnherad-Odda-Notodden.