Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Nye reglar for likningsverdi for bustadeigedom

Skatteetaten_200x99
Skatteetaten har no sendt ut første skjema "Nye regler om likningsverdi for boligeiendommer, også for boliger som benyttes til fritidsformål". Kvinnherad kommune har allereie motteke fleire henvendingar frå publikum om fritidsbustader som er registrert som bustad i matrikkelen.

Opprinneleg søknad har vore bustad, - men så er bustaden i ettertid teke i bruk til fritidsformål utan at det har vorte søkt om bruksendring. Dersom dette er tilfelle og eigar ynskjer denne enda til fritidsbustad i matrikkelen, må det søkjast om bruksendring.

I nokon tilfelle kan det også vera registrert feil i matrikkelen. Krav om retting av matrikkelen kan setjast fram for kommunen med dokumentasjon som visar at registrerte opplysningar er urett.

For spørsmål om buareal (P-ROM eller BOA) er dette opplysningar som ikkje er registrert i matrikkelen og som kommunen derfor ikkje kan opplysa om.

(Til opplysning kan nevnast at matrikkelen er landets offisielle eigedomsregister. Den inneheld ein oversikt over eigedommar, eiendomsgrenser, adresser og bygningar. Statens kartverk er sentral matrikkelmyndigheit og er ansvarlig for forvaltning av matrikkelen og tilhøyrande regelverk. Kommunane er lokal matrikkelmyndigheit og har med dette ansvar for oppdatering av matrikkelen.).

For andre spørsmål knytta til endring av likningsverdi eller utrekning av buareal, ta kontakt med Skatteetaten på tlf.
800 80000 eller på www.skatteetaten

Skatteetaten har utvida telefontid:
6 - 9. september: kl 08:00- 22:00
11 - 15.oktober: kl 08:00- 22:00

Det er gratis å ringja 800 80 000, men for mobiltelefon gjeld eigne satsar.
Frå utlandet: +47 22 07 70 00.

Skattekontora er open for publikum: 09:00 - 15:00
Enkelte skattekontor stengjer dørane  14:30

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no