Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Nye kart over turstiar i kommunen

Karen Løvfall Våge med det nye kartet.
Dei nye planlegginskarta med oversikt over turstiar i Kvinnherad der klare. Karta inneheld 69 merka turstiar i heile kommunen.
Karen Løvfall Våge med det nye kartet.
Karen Løvfall Våge med det nye kartet (Foto: Anna K. Hellevang).
Kartet skal sendast ut til alle husstandar i Kvinnherad i februar. På kartet er turane merka av samt med startpunkt på turen og kvar en finn eigna parkering. I tillegg inneheld foldaren ein oversikt med kort orientering om alle turane. Det er mellom anna informert om kor mange timar turen tek og høgdeforskjell. Turane er gradert med: grønt for lett tur, blått for middels tur, raud for krevjande tur og svart for erfarne fjellfolk. Eit rullestolsymbol syner kva turar som er eigna i elektrisk rullestol.
Tur nr 59 er Varden på Varaldsøy (Foto: Anne Kari Enes).
Tur nr 59 er Varden på Varaldsøy (Foto: Anne Kari Enes).

Idrettslaga sine favorittar

Prosjektet er i regi av Kvinnherad Turlag, Kvinnherad Turistinformasjon, i samarbeid med folkehelsekoordinatoren i Kvinnherad og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Karen Løvfall Våge er prosjektleiar for Prosjekt turstiar i Kvinnherad. Prosjektet er i samarbeid med idrettslag og turgrupper i kommunen: – Eg har fått informasjon frå laga på kva turstiar som dei ønskjer å ha med i ein slik oversikt, fortel Våge. Ho seier dette er turstiar som turgrupper og idrettslag vil vedlikehalde og merke.

Lettare for fjellglade

Våge fortel at kartet er for alle som bur i Kvinnherad og ikkje minst for dei som kjem på besøk. Ho vonar god informasjon om nye turar kan gje fjellglade ein grunn til å kome tilbake å sjå fleire nye stadar i kommunen. – Eg trur også det vil vere lettare for folk som bur i ein del av kommunen å besøkje ein annan del av kommunen som dei tidlegare ikkje har visst om, seier Våge. Ho vonar at dei som ikkje er så kjende, skal få lettare tilgang til den mangfaldige naturen i kommunen.

Kart på nett

Dei som ønskjer meir detaljert informasjon om turane, kan gå inn på nettsida til visitsunnhordland.no/. Der ligg også kart for kvar tur som turglade kan laste ned og ta med på fjells. Også ved startpunktet er det ei grøn informasjonstavle om turen. Våge legg til at kartet også vil bli lagt ut for sal og vil koste 25 kroner.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no