Ny plan- og bygningslov

Den nye lova er mykje lik den gamle når det gjeld innhald og prinsipp, men ho er meir logisk og oversiktleg og på den måten meir tilgjengeleg. Det er også gjeve heimel til å innføra overtredelsesgebyr dersom kommunen avdekkar ulovlege bygg eller tiltak som er bygde etter 01.07.2010.
Plandelen i den nye plan- og bygningslova vart gjort gjeldande frå 01.07.09, og no føl byggjedelen med tilhøyrande forskrifter: Saksbehandlingsforskrifta og Teknisk forskrift. Lenker til lova og forskriftene finn du under denne artikkelen.
Bakgrunnen for den nye lova er mellom anna auke i byggskader dei siste åra. Kontroll har difor vore eit sentralt tema for lovgjevarane, og lova innfører obligatorisk uavhengig kontroll. Denne bestemmelsen vert imidlertid ikkje gjort gjeldande før 01.07.2011. I overgangsperioden er det opp til kommunen å bestemma kontrollomfang og type. På same måten vert søknadsplikt for eldstader ikkje gjort gjeldande før 01.07.2011.
Søknadsplikt for baderom m/ansvarshavande vert imidlertid innført frå 1. juli 2010. For nye bustader vert dette teke vare på av ansvarleg søkjar som tidlegare. Men for dei som vil byggja nytt bad i samband med eksisterande bygg, vert dette ei skjerping då huseigaren tidlegare kunne gjennomføra dette som ei meldingsak utan ansvarshavande.
Meldingsomgrepet går elles ut i den nye lova. Dei tiltakstypar som tidlegare var meldingssaker, vert søknadspliktige i den nye lova. Mindre enkle tiltak kan tiltakshavar søkja om sjølv og vera ansvarleg for sjølv utan bruk av firma med ansvarsrett, med unntak av baderom som no krev søknad med ansvarsrett. Alle søknader der det vert krav om ansvarshavande skal vedleggjast dokument om gjennomføringsplan for tiltaket.
Overtredelsesgebyr er eit nytt vertøy for kommunane for å hindra ulovleg bygging. Før dette kan gjerast gjeldande, må kommunen vedta nytt gebyrregulativ..
For yttarlegare informasjon, gå inn på Statens bygningstekniske etat si heimeside: www.be.no.
Kvinnherad kommune gjer elles merksam på at vi førebels ikkje har innført elektronisk byggesaksbehandling (ByggSøk). Søknader må difor sendast inn på papir som tidlegare. ByggSøk er planlagt innført frå 01.01.2011.





