Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Ny næringsrådgjevar

 14 thauland  Karin Thauland er frå nyttår tilsett i full stilling som ny næringsrådgjevar i kommunen.
Kommunen har vedteke å styrke næringsarbeidet, og Thauland er tilbake i kommunen etter to år og tre månader permisjon. Karin Thauland var tidlegare landbrukssjef, og dei siste åra har ho jobba med næringsutvikling i Kvinnherad Næringsservice. Med dette fortset ho litt av det same næringsarbeidet. Ho skal jobbe med ungt entreprenørskap og etablerarrettleiing. Thauland skal også utføre ein scenarioanalyse, dette for å kunne handtere eventuelle scenario innan industri og næringsliv i kommunen.

Thauland seier det er kjekt å kome attende til kommunen og møte tidlegare kollegaer, sjølv om ho også har trivest å jobbe åleine. No ser ho fram til å samarbeide med ulike instansar på rådhuset og i kommunen elles.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no