Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Invitasjon:

Ny bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen

Invitasjon til bransjefrukost
Onsdag 15. februar 2012 ønskjer Kvinnherad kommune velkomen til fagtreff med fokus på regelverk og aktuelle dokumentasjonskrav. Denne gangen vert samlinga på Rosendal Fjordhotel.

I løpet av få år har vi opplevd store endringar i lover, reglar, verktøy, metodar og arbeidsformer innan arealforvaltinga.

Vi ønskjer at Kvinnherad skal vere ein god kommune å bu, feriera og arbeide i. Byggebransjen, inkludert planleggjarar og eigedomsutviklarar, har ein nøkkelposisjon når dette målet skal realiserast.

Skal Kvinnherad vera ein attraktiv kommune treng vi eit godt samarbeid mellom offentlege mynde og private aktørar innan arealplanlegging og eigedomsutvikling.

Vi inviterer difor bransjefolk til ei uformell samling der målet er å formidla korleis kommunen jobbar med arealforvalting og å vidareutvikle samarbeidet med næringa. Det vert korte innlegg om ulike tema, og vi legg stor vekt på å få ein dialog kring dette. Tema denne gongen er «regelverk med noko attåt». Det vert informasjon og diskusjon om regelendringar og dokumentasjonskrav, men vi ønskjer også å informera om ulike nye prosjekt og tilbod til plan- og byggebransjen.

Maten står på bordet frå kl. åtte. Klokka halv ni tek vi koppen og skjevo med og set oss for å høyra og diskutera plan-, bygg- og eigedomsnytt.

Av praktiske omsyn ber vi om påmelding. Deltakaravgifta er kr. 300,- pr. person. Samlinga vert halde på Rosendal Fjordhotel.

Påmelding til
karin.thauland@kvinnherad.kommune.no eller tlf. 53 48 33 53 / 909 78 556 innan 8. februar 2012. I påmeldinga tek du med namn, e-postadresse, firmanamn og fakturaadresse til den/dei du melder på.

Program for samlinga kan du lasta ned på lenka under denne artikkelen. Her er nokre smakebitar:
- Nytt i byggteknisk forskrift
- Reglar for landbruksbygg
- Reglar for våtrom
- Radonmåling og regelverk
- Universell utforming
- Krav til situasjonsplan
- Rasfaredokumentasjon
- Nye tilbod i www.fonnakart.no

Vel møtt og godt nytt år!
 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no