I 2020 vert det forbod mot å fyra med fossilt brensel. Dette får konsekvens for deg som har ein nedgraven oljetank på eigendomen din. Reglar om nedgravne oljetankar som ikkje har vore i bruk i ein periode på 3 år, seier at tanken skal fjernast dersom særskilte grunnar tilseier at det ikkje let seg gjera å grava opp og fjerne den nedgravne oljetanken.

Når oljetanken er fjerna skal du sende inn ein sluttrapport til kommunen der du opplyser om storleik og alder på tanken, kva materiale tanken er av, kart over kvar den har vore plassert og kva mottak oljerestane og vaskevatnet er levert til.

Tips kan vera å ta kontakt med Enova for å sjå om du oppfyller krava til å få stønad til fjerning og etablering av nytt varmesystem.
https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/fjerning-av-oljefyr-og-tank/

Kontakt
Synneve Skei - Miljøkonsulent
Tlf. 901 46 818