Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Framside Klima- og energiplan

Samrøystes vedtak av ambisiøs og forpliktande plan

Klima- og energiplan godkjent av kommunestyret

I møte 23.juni 2011 godkjente kommunestyret samrøystes rådmannens framlegg til Klima- og energi-plan, som skal gjelde og gjennomførast fram til 2020. Med mindre endringar og presiseringar i høve til planutkastet står nokre milepelar fast som prioriterte mål og innsatsområde: Redusert utslepp av klima-gassar (22 % i høve 1990-nivå), 30 % reduksjon i energibruken, som og skal bli meir effektiv, og betre klimatilpassning, m.a. i ROS- og arealpoitikken, der risikoanalyser kan avdekke område som krev tiltak for å sikre menneske, bygg og anlegg m.a. mot flaum og ras-skade. Dette krev at kommunen er pådrivar i arbeid med å utvikle og formidle sikker kunnskap og drøfte miljø- og klimatiltak og problem med oppveksande barn/ungdom, industri, landbruk og folk flest.
bondhusbreen_300x201

Vandreturisme ved Folgefonna

Kvinnherad kommune har kome med i verdiskapingsprogrammet med prosjekt vandretrurisme ved Folgefonna. Prosjektet heiter "Folgefonnhalvøya- vandring frå fjord til fonn”. Matre og Bondhus er med blant prosjekta(Foto: Anbjørn Høivik).

Ny forvaltningsplan og styre for nasjonalparken

Rådmannen kritiserer den nye forvaltningsplanen for Folgefonna nasjonalpark for å vere svært detaljert og gjev lite handlingsrom for moderne landbruksdrift.
Samstundes inviterer Miljøvernministeren lokale politikarar til å bli med i eit styre for nasjonalparken.
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no