Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge gjev både frivillige organisasjonar, kommunale tenester og private aktørar moglegheita til å gje eit rikare aktivitetstilbod til barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitane for at fleire barn og unge skal kunne delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt eller sosiale situasjon.

Det er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar tilskotsordninga og i år er det 310 mill. kr som skal fordelast ut.

Søknadsskjema
Årets utlysing vart publisert 22.11 og elektronisk søknadsskjema finn de på bufdir.no eller  via denne lenkja; https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/

Søknadsfrist: 13.12.2019

Kontakt
Har du spørsmål? Kontakt:
Kristian Helgesen, folkehelsekoordinator 
kristianhelgesen@kvinnherad.kommune.no
Anja Thunold, ressurskontakt 
anja.thunold@kvinnherad.kommune.no

Meir info om tilskotsordninga og sjølve søknadsprosessen finn du på bufdir.no eller her: https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/