- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Næringsareal i Kvinnherad
Her finn du ei oversikt over næringsareal der arealbruken er avklara i kommuneplanen. Det er vidare teke med ein del opplysningar om status, dvs. grad av tilrettelegging, eigartilhøve, areal osv. Oversikta er meint som informasjon til nyetablerarar og eksisterande bedrifter som treng nytt areal.
Dei områda som er aktuelle pr. juni 2010 er plotta inn på oversiktskartet. Under kartet finn du nærare omtale av dei einskilde områda. Desse opplysningane er ajourført i desember 2010.Klikk på småbilda av plankart og bilete for å sjå dei i full storleik.
Ei brosjyre om næringsområda kan lastast ned her (PDF-fil 0,9 mb). (Brosjyra omfattar arealet i 2008, og vert ikkje oppdatert.)
Kommunen har som mål å tilretteleggja for næringsetablering og er difor interessert i tilbakemeldingar om trong for næringsareal. Du kan ta kontakt med: ordførar Synnøve Solbakken eller eigedomskonsulent Jarle Fossheim, Rådhuset, 5470 Rosendal, tlf. 53 48 31 00, e-post post@kvinnherad.kommune.no.

Lyhammar, Ølve
Industriareal i tilknyting til Umoe Schat Harding. Arealbruken er avklara i kommuneplan frå 2011. Privat eige.

Veravågen, Hatlestrand.
Industriareal mellom sjøen og riksvegen på nordsida av Veravågen. Arealbruken er avklara i kommuneplan frå 2011. Privat eige. 

Evjepollen, Varaldsøy.
Industriareal sør for ferjekaien. Arealbruken er avklara i kommuneplan frå 2011 Privat eige

Nerhus, Austrepollen.
Areal på nordsida av utløpet til Austrepollselva. Næringsareal (N-03) i kommunedelplanen for Mauranger-området frå 2005. 18 da. Privat eige. Krav om reguleringsplan
Tilrettelagt med vatn og avløp (nytta til brakkerigg i samband med bygging av Jondalstunnelen).
Sundal.
Areal vest for skulen. Næringsareal (N-02) i kommunedelplanen for Mauranger-området godkjend 2005. 10 da. Privat eige.Krav om reguleringsplan. Sjøtroll Havbruk

Årsnes.
Totalt 50 da på nordsida av ferjekaia er regulert til næringsføremål i godkjend i 2008. Ca 19 da er planert. Kommunal eige. Arealet ligg i tilknytning til Norsafe Årsnes AS.

Løfall.
Areal på sørsida av den gamle ferjekaia. Næringsareal (N-01) i kommunedelplan for Rosendalområde frå 2003. Ca 4 da. Privat/ Statens vegvesen. Arealet må sjåast i samanheng med omdisponering av ferjekaia no som kaia ikkje lenger er nytta tl ferja. Løvfall camping

Ullvarefabrikken, Rosendal.
Areal nord for Ullvarefabrikken. Næringsareal (N-03) i kommunedelplan for Rosendalområdet frå 2003. Ca 9 da. Privat eige. Sidan Ullvarefabrikken er godkjent omdisponert til bustadføremål, må utnytting av N-03 ta omsyn til dette.

Skålafjæro. Rosendal sentrum.
Ny reguleringsplan for del av Rosendal sentrum godkjent 2011. Privat eige/kommual eige..

Sandviklia, Dimmelsvik.
Areal på oppsida av riksvegen. Næringsareal (N-06) i kommunedelplan for Rosendal-området. Ca 60 da. Privat eige. Arbeid med reguleringsplan for masseuttak og næringsområde er i gang. Desse bedriftene held til på området: Betongvarer AS, Felleskjøpet Rogaland og Agder AS, Johan Brigtsen,

Børnes, Uskedalen.
Vist som næringsareal i kommunedelplan for Rosendal-området. Kommunal og privat eige. Godkjend reguleringsplan frå 1978. Desse bedriftene er etablert på område: Brødrene Hjønnevåg AS, Kvinnherad Byggutvikling AS, Eidsvik Skipsbyggeri, Mesta, Søre Kvinnherad Skogeigarlag, Eik Rørleggerforretning AS, Transportkompaniet Vevik AS, Musland Brødrene maiskin AS og Kvinnherad Maskinutleige.
Husnes
Areal mellom Søral og riksvegen.Arealbruk avklara i kommunedelplan for Husnesområdet (N-01) frå 2003. Arealet er merka med lyseblå farge på kartet under.
Husnes industriområde .
Ca 150 da.Arealet vert disopnert av Husnes Industritomteselskap AS (HIT), skipa i 2009.Reguleringsplan 09/2886 vart godkjend oktober 2010.Sjå heimesida til HIT www.hitomt.no
Desse bedriftene held til på området: Sør Norge Aluminium AS, Reins Eigedom Invest AS, Husnes Sandblåsing og sprøytemaling AS, Sunde Trasnport AS, Hauge forskaling as, Transportkompaniet Vevik AS, Petol AS, Kvinnherad MC -klubb og Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IK.



Areal mellom båthamna og Søral-kaien. Reguleringsplan 09/2886 godkjend i oktober 2010. HIT disponerar arealet. Ca 50 da. 

Husnes Næringspark.
Regulert næringsområde knytt til Husnes sentrum. I 2011 er det laga utkast til ny reguleringsplan for dette området. I utkastet er arealet utvida mot Bogsnes. Desse bedriftene held ¨til på området: Torghuset AS, Kulturhuset Husnes ( Kvinnherad kommune),Byggern Teigen,
.

Bogsnes, Husnes.
Regulert næringspark. Forslag om omregulering til bustad- og næringsområde. Stadanalyse for Husnesområdet. frå 2009 tilrår å nytte Bogsnes kai til bustad istaden for næring.Desse bedriftene held til på området:Sunde Snekkeri AS, Noreq AS, Apply, Relacom, Fatland, Anfinsen Motorservice AS og R & M Ship Interiør AS avd Kvinnherad

Opsangervågen, Sunde.
Næringsområde N 03 i kommuneplan frå 2003. Reguleringsplan godkjend i 2007. Privat eige.Desse bedriftene held til på området: Kvinnherad Ferdiogbeton AS, Sunde Bygg AS, Byggekompaniet AS


Ranavik, Halsnøy.
Areal mellom riksvegen og sjøen sør for ferjekaien. Avklara i kommunedelplanen frå 2008 (N17). Plankrav . Privat eige. Ca 8 da. Halsnøy Gardsservice AS og tofte sag og snekkeri.

Hillestad, Høylandsbygd.
Godkjent reguleringsplan for «hotelltomta» frå 1980 Privat eige. Ca 14 da.

Landamarka, Halsnøy.
Godkjent reguleringsplan. Kommunal/privat eige. Arealet er utvida med N-18 i kommuneplan godkjend 25.09.10. Plankrav. Desse bedriftene er etablert på området: Fjelberg Kraftlag SA, Øybygg AS, Kjell Inge Eide

Sydnes, Halsnøy.
Areal sør for ferjekaien. Avklara i kommunedelplanen frå 2008. Privat eige. Dagfinn Eide AS












