Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Nærings- og samfunnsutvikling

Kvinnherad kommune legg vekt på samfunnsutvikling og å vera ein samfunnsaktiv kommune. Det vil sei at kommunen i haldning og handling legg til rettes for eit levande lokaldemokrati og samspel med næringsliv, innbyggjarar og frivillige organisasjonar. Næringsutvikling står svært sterkt i dette samfunnsutviklingsperspektivet.

Verksemd for samfunnsutvikling

Rådmannen synleggjorde at Kvinnherad skal vera ein samfunnsaktiv kommune då ein stor del av utviklingsressursane den 02.10.06 vart samla i den nye verksemda Samfunnsutvikling. Verksemda er sett saman slik at ho utgjer eit sterkt utviklingsmiljø med kompetanse innan næringsutvikling, plan, byggjesak, oppmåling, landbruk, miljø, organisasjonsutvikling og personal. Arbeidsforma er partnerskap og dialog og meir enn å framstå som myndighetspersonar vil dei tilsette hjelpa til med å finna bærekratige løysingar slik at innbyggjarane får realisert draumane sine.

Spesiell forkus på næringsutvikling

Den økonomiske krisa rammar også Kvinnherad, og for å møta desse utfordringane vil rådmannen setja fokus på entreprenørskap og nyetableringar. Dette vert prioritert i arbeidet med budsjettet for 2010.



Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no