Køyring med motorisert køyretøy i utmark bli regulert gjennom motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Føremålet med denne lova er å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen.

Med motorferdsel meiner ein bruk av køyretøy (bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøscooter og linknade) og båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor.

Med utmark meiner ein udyrka mark slik utmark definert i friluftslova § 1 a. I tillegg er til dømes kulturbeite og skogplantefelt som ligg i utmark rekna som utmark. Skogsvegar og andre vegar i utmark vert òg rekna som utmark, og kan ikkje køyrast på utan at ein søkjer om løyve.

Kommunen kan gje løyve til bruk av motorkøyretøy (bil, traktor, ATV, snøscooter), motorbåt eller fly/helikopter om søkjeren påviser ei særskild trong som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan dekkjast på annan måte. Nytten skal vurderast opp mot skadar og/eller ulemper ferdselen kan medføra.

Søknaden må sendast kommunen i god tid før køyringa. Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg, og gjev som regel svar på slike søknader i løpet av ei vekes tid. Det kan variere litt mellom dei ulike sakene og kor lang tid det er til køyringa skal gjennomførast. Kvinnherad kommune nyttar digitale skjema frå Kommuneforlaget, og dei er utforma slik at dei kan nyttast i mange kommunar. I dette skjemaet finn du eit valfritt felt for nærare forklaring av ferdselsområde, men me ber om at dette òg vert fylt ut (i tillegg til kartskisse), då det vil hjelpa i handsaming av saken. Søknad sendast elektronisk her.

Kart kan de henta frå kommunekart.com.

Vasscooter_O_900x732.png

Foto: Hildegunn Furdal