Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktperson

Fagkoordinator miljø
Arne Gjellan
Telefon: 53 48 31 29
Epost

Regelverk

Sjå lov om fritids- og småbåter §§ 38-40 (vasskuter). Sjå forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, spesielt § 2 (motorferdsel på bar mark), § 3 (motorferdsel på vinterføre), § 4 (unntak for Finnmark og Troms), § 5 (bruk av snøskuter) og § 6 (om unntakstilfelle)


Lover

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 7 Prinsipper for offentlig beslutningstaking i §§ 8 til 12
Lov om friluftslivet (friluftsloven)
Lov om fritids- og småbåter kap. 5 Forurensning
Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag

Forskrifter

Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark etc.
Forskrift om bruk av kommunens myndighet (...) mot helikopterskiing m.m.

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Oppdatert: 28.12.2012 09:28
Generelt
Tema
- Individ og samfunn
- Beredskap og forsvar Miljøskade
- Natur og miljø
- Næring- og samfunnsutvikling
- Jord- og skogbruk
Beskrivelse

Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen. Merk at du ikkje kan få løyve til turkøyring (sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).

Kriterier/vilkår

Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
 

  • når fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
  • når hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
  • når institusjonar eller ideelle organisasjonar har gruppeturar for bebuarar, pensjonistar eller funksjonshemma

I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytta til føremål som forskrifta ikke nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytta til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere ein del miljørettslege prinsipp (sjå naturmangfaldlova).

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Vedlegg
  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser køyretraseen
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov
Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Samfunnsutvikling
Telefon:53 48 31 00
Epost:samfunnsutvikling@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2012-12-28 09:28
Gyldig fra
2009-05-22
Gyldig til
2013-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no