Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Moderasjonsordningar for foreldrebetaling i barnehage

Alle med

Nasjonale ordningar for reduksjon i foreldrebetaling.
Dette gjeld kommunale og private barnehagar.

 

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling: ingen hushald skal betala meir enn 6 % av inntekta for ein barnehageplass.
Familiar/hushald med person- og kapitalinntekt under 500 500 kroner kjem inn under ordninga.

3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Dette gjeld for hushald med ei samla årleg inntekt som er lågare enn 450 000 kroner.

Hushald vert definert som ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar.

Det vert gitt søskenmoderasjon på 30 % i foreldrebetaling for 2.barn og 50 % for 3.barn eller fleire.
Moderasjonsordningane gjeld for kommunale og private barnehagar, jf. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager § 3 Moderasjonsordninger.

Ordning med redusert foreldrebetaling er søknadsbasert, og det kan søkjast for eitt år om gongen.
Elektronisk søknadsskjema er å finna på kommunen si heimeside.

Det er viktig å leggja ved dokumentasjon på inntekt ved søknaden. Det går også an å senda dokumentasjonen til Kvinnherad kommune - Rosendalsvegen 10 - 5470 Rosendal. Dokumentasjon er siste skattemelding. Dersom inntekta er vesentleg og varig endra i høve til skattemelding, kan ein senda inn annan dokumentasjon i tillegg.

Barnehagestyrar kan gje rettleiing om søknadsprosess.
Kvinnherad kommune som barnehagemynde gjer vedtak.
Vedtaket vert gjort for gjeldande barnehageår.
Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft. Iverksetjing er frå første betalingsmånad etter at vedtaket er fatta.

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no