Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Miljøinformasjon

Oppdatert: 28.12.2011 09:31
Generelt
Tema
- Helse
- Miljøretta helsevern
- Individ og samfunn
- Beredskap og forsvar Miljøskade
- Natur og miljø
Beskrivelse

Du kan krevje å få utlevert den miljøinformasjonen som finst i kommunen. Retten gjeld opplysningar om det ytre miljøet og om tilhøve som kan påverke miljøet eller helsa. Det ytre miljøet inkluderer kulturminne og kulturmiljø. Miljøinformasjon kan vere:

  • tiltak som er i gang 
  •  vedtak og planar
  • analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader
Målgruppe

Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Kriterier/vilkår

Krav om miljøinformasjon kan fremjast skriftleg eller munnleg. Du må ikkje dokumentere eit særskilt behov for å ha krav på informasjon. Kravet må vere formulert slik at det er mogleg å identifisere kva det gjeld. Omsynet til andre samfunnsinteresser (t.d. forretningsløyndomar) kan føre til at du får avslag. Du har likevel alltid krav på informasjon om

  • helseskadeleg forureining 
  • forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet
  • rådgjerder mot slike skadar
  • ulovleg inngrep eller skadar på miljøet
Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal
 

Saksbehandlingstid

Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er mottatt. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.

Klagemulighet

Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du mottok avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du også klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klaga sendar du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klaga til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klaga til følgje. For kommunen sin del er dette Fylkesmannen.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Samfunnsutvikling
Telefon:53 48 31 00
Epost:samfunnsutvikling@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2011-12-28 09:31
Gyldig fra
2009-05-22
Gyldig til
2012-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no