Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Mange innslag gjekk vidare til fylkesmønstringa!

Bollywood foto Geir RemmeEin fullsett sal med 450 publikum på Ungdommens kulturmønstring på Husnes gav dei flotte ungdomane velfortent applaus! Tretten av ungdomane blei sendt vidare til Fylkesmønstringa.
Med ein fullsett sal utan ein einaste ledig plass kunne ungdomane boltra seg fritt på scenen i kulturhuset. Og det som var så spesielt denne ettermiddagen: Vi har aldri sett så mange ungdomar i salen på dette arrangementet.  Dei vaksne var i eit stort mindretal.  Fribillettane gjekk unna som varme kveitebollar i tørt gras!  Alle som deltok heldt eit høgt nivå, og alle fekk ei flott oppleving som artist på scenen!

Stemninga i salen var magisk då jurymedlemane i tur og orden kunngjorde resultatet. Tretten av dei blir sendt vidare til Fylkesmønstringa i Grieghallen i Bergen i april. Dei deltok med tema bilete, dans, gitar og song! Desse er dei heldige:
 
Eirik og Andreas (Musikk – Klassisk gitar)
Titlar: 1) Sjølvkomponert A 2) Sjølvkomponert B
Deltakarar: Andreas Bjørsvik (14), Eirik Brakestad (13)
 
Anette Prestnes (Musikk - Akkustisk)
Titlar: It's you (eigen komposisjon)
Deltakarar: Anette Prestnes (17) song/ gitar
 
Nedstemt (Musikk - Progressiv Metal)
Titlar: Another Day (John Petrucci/ Dream Theater)
Deltakarar: Anders Løkeland Slåke (16) slagverk, Andreas Haugland (16) elgitar, Ingrid Handeland (15) vokal, Magnus L. Magnusson (17) elbass, Mats Moland Træen (17) elgitar
 
Helene og Aleksandra (Dans - Bollywood)
Titlar: Love and Divotion (Koreografi Aleksandra og Helene)
Deltakarar: Aleksandra Sanden (13), Helene Vik (13)
 
Hanne og Oda (Dans - Moderne)
Titlar: Toxic (Koreografi Hanne og Oda)
Deltakarar: Hanne Kathrin Lillevik (16), Oda V. Bjørgvik (16)
 
Silje Vågen (17) Utstilling - måleri/ teikning
Titlar: 1. Nøkkelørkenen  2. Moderande nostalgi  3. Den gales dans


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no