Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kvinner fødd 1947- 1966 får innvitasjon til mammografi 13. mars - 27. april

Mammografibussen til Kvinnherad

Mammografiprogrammet er eit offentleg tilbod til alle kvinner i alderen 50 - 69 år om mammografi annakvart år. Tilbodet er i samsvar med internasjonale tilrådingar. Regelmessig mammografi er i den viktigaste metoden for å oppdaga svulstar i tidleg stadium.

Alle kvinner i Kvinnherad kommune fødd 1947-1966  vert inviterte til mammografiundersøking i tidsrommet 13.3 - 27.4.2017. I alt 1575 kvinner vil få invitasjon til å undersøkja brysta i mammografibussen på parkeringsplassen ved samfunnshuset i Rosendal. Alle som har digital postkasse, vil få invitasjonen tilsendt digitalt.

 

Kven: Kvinner i Kvinnherad kommune født 1947-1966

Kva tid:       13. mars - 27. april 2017

Kvar:    på parkeringsplassen ved samfunnshuset i Rosendal

Dersom det er behov for tilleggsundersøking, vert kvinnene kalla inn til Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssykehus.

 

Brystkreft

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner i Noreg, og utgjer i dag kring 22 % av alle krefttilfeller hos kvinner. I år 2015 fikk 3 415 kvinner diagnosen. Mammografiprogrammet oppdagar om lag 1 100 nye brystkrefttilfeller per år, dei fleste i eit tidlig stadium.

 

Mammografiprogrammet

Mammografiprogrammet er eit offentleg tilbod til kvinner i alderen 50- 69 år om mammografi annakvart år. Tilbodet vert gjeve i samsvar med internasjonale tilrådingar. Regelmessig mammografi er i dag den viktigaste metoden for å oppdagae svulstar i eit tidlig stadium. Tidlig oppdaging gjer ofte betre overleving, og aker sjansane for meir skånsom behandling.

I Mammografiprogrammet vert tilbodet kvalitetssikra ved at alle billeter vert tyda av to røntgenlegar. Dersom brystkreft vert oppdaga, er rutinemessig oppfølging sikra ved det brystdiagnostiske senteret.

Målsetjinga for programmet er å redusera tal døde av brystkreft. Oppmøtet i Mammografiprogrammet er om lag 75 % på landsbasis. I førre runde møtte 78 % av kvinnene frå Kvinnherad kommune.

 

For mer informasjon:

Leder Mammografiprogrammet, Solveig Hofvind

tlf.: 22 45 13 00, mammografi@kreftregisteret.no


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no