Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Mål radon i bustaden din!

Radon
Kvinnherad kommune rår alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan eller i underetasje, til å måle radonkonsentrasjonen i bustaden. For dei som leiger ut bustad, er det eit krav om å måle radon innan 2014.
Sporfilm
Sporfilm

Høge radonverdiar aukar risikoen for lungekreft. Kommuneoverlegen/miljøretta helsevern tilbyr i samarbeid med firmaet Radonlab radonmålingar til ein gunstig pris, dvs. kr 115 per sporfilm. Frakt kjem i tillegg. Kor mange sporfilmar du treng vil vera avhengig av kor stor bustaden er. Det må minimum målast med 2 målebrikker per bustad.

For bestilling og informasjon, følg lenka under denne artikkelen eller kontakt Radonlab på telefon 21 96 03 50.  


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no