Lyspunkt i høgt sjukefråvær
Til tross for at Kvinnherad kommune framleis har høgt sjukefråvær, finn ein i tala for 2009 fleire postitve tendensar. Det er mykje snakk om sjukefråvær i media. I Kvinnherad kommune har vi i fleire år hatt fokus på å få ned sjukefråværet. Til tross for dette ser vi at det også hjå oss er eit aukande sjukefråvær. I 2009 hadde Kvinnherad kommune eit sjukefråvær på 8,9 prosent mot 8,6 prosent i 2008 (både legemeldt og eigenmeldt). Når ein tek i betraktning at dette har vore eit år med stort fokus på svineinfluensa er ikkje dette så stor auke som vi hadde frykta. Medan sjukefråværet i heile landet i følgje Statistisk Sentralbyrå auka med 11 prosent i tredje kvartal, var auken hjå oss på under 3 prosent. Dei siste åra har Kvinnherad kommune hatt eit sjukefråvær, som har vore omlag eit prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet for norske kommunar.
Redusert fråvær i PLO
Noko av det som er mest gledeleg med tala frå 2009 er nokre tendensar frå pleie- og omsorg (PLO). I fleire av sonene har ein her jobba aktivt med å få ned sjukefråværet, noko ein etter kvart ser resultat frå. Medan fråværet i kommunen samla sett stig er fråværet i heile PLO redusert frå 12,4 % i 2008 til 12,1% i 2009. Husnessona hadde i 2009 eit stigande sjukefråvær det fyrste halve året samanlikna med fyrste halvår 2008. Over tid er det sett inn ulike tiltak, og siste halvår har denne negative utvilinga snudd. Verksemdsleiar Sigurd Næss meiner dette heng saman med dei tiltaka som er sett inn. Samanlikna med fjerde kvartal året før, hadde dei i denne sona ein reduksjon i sjukefråværet på omlag 30 prosent fjerde kvartal 09.
Avventande sjukemelding
Eit av dei tiltaka hjå NAV, som vi ynskjer oss meir bruk av, er ”avventande sjukemelding”. Dette gjev arbeidsgjevar ein sjanse til å leggje til rette slik at ein ikkje går ut i sjukemelding. Slike sjukemeldingar er ikkje mykje i bruk endå, men vi vonar dette er noko som vil bli meir brukt etter kvart som legar og pasientar vert betre kjend med dette.
Kommunen har framleis høgt sjukefråvær. I mange verksemder vert det jobba godt med ulike tiltak for å få ned sjukefråværet, noko vi og ser resultatet av. Kanskje kan 2010 bli eit år der resultatet av dette også viser seg i statistikken over sjukmelde?





