- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Lusa er tilbake

Leiande helsesøster Maria Øvstebø Berge på Helsestasjonen på Husnes oppmodar alle foreldre om å undersøkja borna sine grundig for hovudlus.
Typiske luseperiodar kan vera etter skuleferiar, og då bør born sjekkast for lus minst to gonger i veka, men samtidig oppmodar ho også folk til å sjekka eingong i månaden resten av året for å hindra lusa i å bli verande, slik at ho smittar vidare.
-Foreldre bør kjemma gjennom håret til borna med lusekam under godt lys og medan håret er vått. Finn du levande lus må du leita etter egga og fysisk fjerna dei. Det er viktig at dei som har lus behandlast med ein lusekur så snart som råd, og i tlllegg kjemmer gjennom håret ein gang dagleg med lusekam for å hindre lusa i å leggje nye egg. Ein må også ha ny lusekur etter åtte dagar, og halde fram med å kjemma håret med lusekam, fortel Berge.
Ho påpeiker også at skule, barnehage og nær vennekrins må få beskjed dersom lus vert oppdga, og har fleire i familien eller vennekrinsen lus, må alle få behandling. Smitten skjer ved at lusa kryp frå hovud til hovud ved nærkontakt. Lus på klede eller kosedyr kan drepast ved å vaskast på 60 grader eller frysast ned i minst fire timar.







