Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Loading map...

KVINNHERAD LEGEVAKT

HUSNES Tlf. 53473300 Open for telefonhenvendingar heile døgnet. Obs: Ring alltid først! Legevaktskontoret er ikkje bemanna heile døgnet. Når liv og helse står på spel ring medisinsk nødnummer 113. Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Er du i tvil kan du ringja og spørja om råd. Legevakta er ikkje meint for deg som har ei vanleg forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

In case of emergency remain calm - call 113 if you are in need of medical help/advice call the local emergency service: 53473300.

Døme på tilstandar der ein skal ringe 113:

  •   akutte pusteproblem
  •   sterke brystsmerter
  •   alvorlege skade og ulykke
  •   bevisstøshet, kramper
  •   større blødninger
  •   mistanke om hjerneslag (lammelse/talevansker) 

Døme på tilstandar der ein skal ringe legevakts telefon 53473300

  • høg feber og medtatt allmentilstand
  • høg feber eller mistanke om alvorleg sjukdom hos små barn
  • større sår og kutt som må syast
  • akutte smerter i mage eller bryst
  • skade med mistanke om brudd
  • akutt alvorlig psykisk sykdom eller traume(«livskrise»)
  • mistanke om svangerskapskomplikasjon (t.d. smerter, blødning)

Døme på tilstandar som vanlegvis vil bli henvist til fastlege neste dag :

  • vanleg forkjøling og influensa
  • øyreverk
  • bronkitt og hoste uten feber
  • mindre alvorlige tilstander som har vart i fleire dager
  • små skader og kutt som ikkje treng særskild handsaming
  • ryggsmerter, leddsmerter, muskelsmerter uten andre symptom (kink, senebetennelser)
  • fornying  av resepter eller behov for sykemelding

Fastlegen kan også gje hjelp raskt


Viss du treng hjelp på dagtid, skal du ringje fastlegen din og spørje om du kan få ein time. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time på dagen dersom situasjonen krev det. Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:

  • sjukemelding
  • fornying av resept
  • varige plager utan akutt forverring

Ring oss og spør!

Ring og spør om du er usikker. Vi er her for å hjelpe deg! Saman kan vi finne ut kva hjelp du treng. I mange tilfelle vil vi kunne hjelpe deg på telefon, så slepp du å reise til legevakta. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte, treng vi ofte informasjon om tilstanden din, eventuell feber, om tidlegare sjukdomar og faste medisinar.

Dette kan vere lurt å ha i huset:

  • termometer
  • febernedsetjande stikkpiller/tablettar til born
  • smertestillande tablettar
  • nasespray
  • plaster/bandasje

Viss du må vente, er det fordi andre treng hjelpa raskare

På legevakta hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalt ut til akutte hendingar. Difor kan det henda at du må venta, sjølv om du har avtalt time.

Betaling av legevakta

  • Legevakta krev betaling etter faste takstar.
  • Ta med eventuelt frikort.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgjeving er gratis.

Nyttige telefonnummer:

tlf : 53484380
 
tlf: 22 59 13 00 heile døgnet
 
tlf: 53483200
 
tlf: 53461600
 
tlf: 53461530
 
tlf: 53461480

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no