- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Legetime på nettet
No kan du bestille legetime ved Husnes og Rosendal helsesenter via Kvinnherad kommune si heimeside. Du berre klikkar på knappen med oransje endestykke til høgre på denne sida, så er du i gang.
Legetimar bestilt på nettet er eit tilbod til dei som ønskjer legetime nokre veker fram i tid. Arbeidssituasjonen til legane er slik at ledig time for ein vanleg konsultasjon må bestillast 3 veker eller meir før du får time. Treng du time med ein gong må du framleis bruke telefon.
Også reseptar
I den nye tenesta ligg det også eit tilbod om å nytte nettet til å bestille reseptar på medisin ein allereie brukar. Då kan du skrive inn om du vil hente resepten sjølv, eller få han tilsendt heim, eller til apoteket. Du kan berre bestille resept på medisin som tidlegare er skriv ut til deg.
Pris
Det kostar ikkje noko å legge inn time- eller reseptbestilling i det nye systemet. Når du får tilbakemelding på SMS om når du har fått time, kostar dette 5 kroner pr. melding.
Den store fordelen med å bruke nettbaserte tenester er at du slepp vente i telefonkø eller i kø på helsesenteret. Når mange tek kontakt på denne måten vil også dei som treng øyeblikkleg hjelp komme lettare til på telefon.







