Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Legetime og resept på nett

Du kan bestille legetime og fornye resept ved Husnes, Rosendal og Halsnøy helsesenter på nett.

Det er no oppretta ei ny teneste for kontakt med legen og helsesenteret (på Husnes og i Rosendal) som går via portalen helsenorge.no. Du må logga inn med Bank-Id. Følg instruksjonane du får på skjermen - du må godkjenne bruk av digitale tenester første gong du loggar på.

Legetime:
Legetimar bestilt på nettet er eit tilbod til dei som ønskjer legetime nokre veker fram i tid. Arbeidssituasjonen til legane er slik at ledig time for ein vanleg konsultasjon må bestillast 3 veker eller meir før du får time. Treng du time med ein gong må du framleis nytta telefon.

Resept:
Ein kan bestille reseptar på medisin ein allereie brukar. Då kan du skrive inn om du vil hente resepten sjølv, få han tilsendt heim, eller til apoteket. Du kan berre bestille resept på medisin som tidlegare er skrive ut til deg.

Lenker til dei ulike helsesentera:
Merk at du kan endre på om du vil bestille time eller resept oppe til venstre på sida du kjem inn.

Bestille time eller resept Rosendal: Rosendal helsesenter

Bestille time eller resept Husnes: Husnes helsesenter

Bestille time eller resept Halsnøy: Halsnøy helsesenter

 

Nyttar du dei nettbaserte tenestene bidreg du også til å redusere telefonkøen ved dei ulike helsesentera!

 

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no