Kontakt

Styrar
Ingvill Heimvik
Tlf. 970 08 349

Avdelingar
Garden - Anne Skåla Anfinsen tlf. 414 16 154 / Beathe Ingvaldsen Høydal tlf. 986 55 751
Haugen - Silvia Eikemo tlf. 957 80 829

Adresse
Handelandsvegen 67
5451 Valen

Opningstider: 06.30 - 16.30

Heimeside: https://laringsverkstedet.no/barnehage/handeland

Om barnehagen

Læringsverkstedet Handeland friluftsbarnehage er eigd av Læringsverkstedet AS. Barnehagens overordna visjon er: Me får verdens viktigaste verdiar til å vekse. For oss på Handeland betyr det at me ynskjer å gje kvart enkelt barn opplevingar som gjev dei meistringsfølelse og som utviklar dei som personar. Hjarteprogrammet er utvikla av Læringsverkstedet som eit verktøy for barnehagens arbeid med sosial kompetanse innan kategoriane EG, DU og VI. Gjennom Hjarteprogrammet vert det danna eit godt grunnlag for livsmeistring og barna rustast for å tole livet. Me har hjartesamlingar både på tur og inne i barnehagen.

Her hos oss er friluftsliv ein stor og viktig del av kvardagen vår, me ligg idyllisk til på Handeland, med skog, elv, sjø og mange flotte turmål i vårt nærområde. Ungane går dagleg på tur og me tilbringer store deler av dagen ut i det fri. Gjennom vårt arbeid med friluftsliv ynskjer me at barna skal bli glade i og trivest i  naturen og å lære seg å ta vare på den!

Vår egen tre lavvo, som ligg flott til i skogen blir nytta av dei ulike barnegruppene fleire ganger i veka. Her lager me mat på bål og barna får øve seg på spikking, saging og hamring i trygge omgjevnader.

 Dyrelivet på Handeland er også rikt og me har tilgang til både kyr og sauer i nærområde, i tillegg er hjortane ofte i nærleik. Mykje spennande å sjå på i kvardagen her hos oss!

Me tilbyr plass til barn i alderen 0-6 år og det er mogleg å søkje barnehageplass heile året, me tilbyr plass ved ledig kapasitet.