Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknadsfrist 01.05

Kvinnherad kulturstipend

Det vert lyst ut kulturstipend på opp til 50.000,- til kulturutøvarar med tilknyting til Kvinnherad.

 

Kvinnherad kulturstipend skal i hovedsak nyttast til personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning (grunnskule og vidaregåande skule) innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr.

Stipendsum

Størrelsen på stipendet vert avgjordt av antallet innskytarar. Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Samme søkjar kan ikkje motta stipend til same føremål meir enn ein gong.

Krav til søkjar

Det skal leverst ein skriftleg søknad saman med ei prosjektskildring, tidsramme og eit budsjett. Søkjaren skal gje skriftleg tilbakemelding på bruken av stipendet innan eit år etter stipendet er motteke. Søkjar forpliktar seg til å gi eit bidrag attende til Kvinnherad, anten i form av eit kulturinnslag, eit føredrag eller annan konkret jobb som passar til føremålet.

Søknad kan sendast til: post@kvinnherad.kommune.no eller

Kvinnherad kommune, rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

For meir informasjon om Kvinnherad kulturstipend kan du ta kontakt med:

Linda Øen: 53483231 eller  Sissel Aarseth: 53483226

 

Logoforweb[ 1]


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no