Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknadsfrist 01. april 2017

Kvinnherad kulturstipend 2016

kulturstipend_illustrasjon.indd

Det vert årleg delt ut Kulturstipend til kulturutøvar med tydleg tilknyting til Kvinnherad. Det kan delast ut eit eller fleire stipend. Stipendet er på inntil 50 000,-

Føremål

Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vere eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning (grunnskule og vidaregåande skule) innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr.

Stipendsum

Størrelsen på stipendet vert avgjort av tal på innskytarar. Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Same søkjar kan ikkje motta stipend til same føremål meir enn ein gong.

Krav til søkjar

Det skal leverast ein skriftleg søknad som inneheld:

  • Personalia: Namn, Adresse, Alder, Kontonummer

  • Skildring av korleis søkjar har tydeleg tilknyting til Kvinnherad

  • Prosjektskildring: Kva ynskjer du å nytta Kvinnherad kulturstipend til

  • Tidsramme for prosjekt/utdanning

  • Budsjett for prosjektet/utdanning

  • CV

Søkjaren skal gje skriftleg tilbakemelding på bruken av stipendet innan 31.12. i tildelingsåret. Søkjar forpliktar seg til å gi eit bidrag attende til Kvinnherad, anten i form av eit kulturinnslag, eit foredrag eller annan konkret jobb som passar til føremålet.

Sakshandsaming

Kulturstipendet vert lyst ut med søknadsfrist 01.05. og skal delast ut innan 01.07. Stipendet vert delt ut av ei arbeidsgruppe som er utnemnd av innskytarane og skal tildelast i tråd med regelverket. Alle søkjarar skal verte skriftleg orientert om vedtaket.

Kvinnherad kulturstipend er ei samarbeid mellom

  • Sparebank 1 - SR Bank
  • Sparebanken Vest
  • Hydro Husnes
  • Sunnhordland kraftlag
  • Kvinnherad kommune

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no